Hopp til innhold
X
Innhald

Skipsekspedisjon

Almenningen på garden Gjerde var frå gamalt av laste- og losseplass for både Eid og Hornindal. Denne staden midt i Nordfjordeid sentrum ber namnet Almenningen den dag i dag.

Før Nordfjordeid fekk kai, vart også folk og gods frå Fylkesbaatane rodde i land her. Dampskipsekspedisjonen vart flytta til Osnes i 1902 (sjå Handelsfamilien Totland).

I tillegg hadde Naustdal, Stårheim, Kjølsdalen og Haus faste anløp av Fylkesbaatane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2008