Hopp til innhold
X
Innhald

Skiskyttarane frå Stårheim

Stårheim har fostra skiskyttarar på høgt nivå. Frå venstre Espen Øvreberg, Stine Øvreberg og Ronny Hafsås. Foto: NRK.

Stårheim har fostra skiskyttarar på høgt nivå. Frå venstre Espen Øvreberg, Stine Øvreberg og Ronny Hafsås. Foto: NRK.

Stårheim Idrettslag vart skipa i 1935 og hadde 250 medlemer i 2002.

Før 1937 eksisterte det også eit Stårheim Skilag som vart innlemma i idrettslaget om lag på den tida.

Idrettslaget bygde fotballbane i Torvik i 1983.

Gruppa Stårheim IL, Skiskyting, har sidan 1990-talet bygd opp eitt av dei sterkaste skiskyttarmiljøa på Vestlandet. Evelyn Lauvstad Hanevold har hevda seg i landstoppen i senior, og i junior har syskena Stine og Espen Øvreberg (gull i Junior-NM 2002), Eirik Hafsås og Ronny Hafsås har hevda seg i landstoppen - Ronny Hafsås også i langrenn (Jr-NM 2002 på 15 km friteknikk, i 2009 vann han eit verdscuprenn over 15 km friteknikk og vart teken ut til OL i Vancouver i 2010).

Kjetil Remme hevda seg alt som 15-åring på nasjonalt nivå m.a. med å verte beste 15-åring på Young Star-tevlinga i Holmenkollen i 2006.

I 2001 arrangerte Stårheim IL hovudlandsrennet i skiskyting, og i 2002 stod laget som arrangør av senior-NM saman med Heggjabygda IL. Stårheim Idrettslag eig saman med Haugen Idrettslag Nordfjord Skisenter AS på Harpefossen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.02.2011