Hopp til innhold
X
Innhald

Skogrekruttskule på Nordfjordeid

Soldatar til hest på Nordfjordeid. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Soldatar til hest på Nordfjordeid. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

I 1935 skipa Forsvaret til såkalla skogrekruttskule på Nordfjordeid. Dette var vernepliktige soldatar som m.a. vart sette til skogplanting i Nordfjord-bygdene. Dei 54 rekruttane planta ut i alt 66.000 grantre, flesteparten på Taklo.

Kulturbeite og vegbygging

Soldatane dyrka også kulturbeite i Leivdalen og bygde vegar i Hjelmelandsdalen - m.a. Kjørstad bru. Dei utførte også arbeid i Remmedalen, Kjølsdalen, Haus og Bryggja.

Les også om skogrekruttskulen i Vik.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011