Hopp til innhold
X
Innhald

Skottefurua på Skipenes

Utsyn over Eidsfjorden, med Skipenes i framgrunnen til venstre. Vi ser skottefurua ved elva. Teikning av I. L. Losting frå 1856.

Utsyn over Eidsfjorden, med Skipenes i framgrunnen til venstre. Vi ser skottefurua ved elva. Teikning av I. L. Losting frå 1856.

På Skipenes stod det fram til 1857 ei diger furu like ved Eidselva. Her, nokre hundre meter opp frå elvosen, var det vanleg at bygdefolket fortøyde jektene sine i den solide furua.

Skotske handelsmenn

Namnet fekk ho frå tida på 1600- og 1700-talet då skotske handelsmenn kom til Nordfjord for å kjøpe landbruksvarer som tjøre, tønneband og tømmer frå bøndene.

Ei kjempe

Skottefurua var ei kjempe: Den målte nær på seks meter kring leggen, og inne i den innhole stammen kunne tre velvaksne karar få plass samstundes.

Banesår under bryllaup

Men Skottefurua på Skipenes fekk banesår under eit bryllup på Skipenes i 1857. Då fann ein kar som hadde fått for mykje innabords ut at furua måtte høve som «bryllupstre». Det var nemleg gamal skikk i Nordfjord å hogge eit tre og dra det inn i stova eller brurekammeret som symbol på «det nye livet” på garden» men då var det snakk om ei ungbjørk, og ikkje ei kjempefuru.

Den fulle mannen gjorde så mykje skade då han ville felle Skottefura på Skipenes at han ringbarka ho slik at ho dauda. – Men inn til brura kom ho ikkje! Bonden som eigde Skottefurua vart så sint at han i fullt alvor kasta ei øks for å drepe hogstmannen for å drepe han, men råka ikkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 14.02.2011