Hopp til innhold
X
Innhald

Skrivargarden Leikvin

Embetsgarden og kultursenteret Leikvin

Hovudbygningen er reist på 1790-talet. Byggmeister var Ola Haugen, som også var byggmeister for Boalth-huset (Yris Hotell) på Nordfjordeid og prestegarden på Vereide i Gloppen.

Embetsgarden og kultursenteret Leikvin

Leikvin var sorenskrivarbustad i Nordfjord frå 1690 og fram til 1957, då sorenskrivaren flytta til Nordfjordeid.

Leikvin Kultursenter

I 1974 overtok kunstnarparet og Leikvin frå Eid kommune. Dei la ned eit stort oppussings- og restaureringsarbeid, og opna i 1976 Leikvin Kultursenter, som i 20 år arrangerte kunstutstillingar og konsertar i bygningen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.11.2008