Hopp til innhold
X
Innhald

Skulehus på Eid - brann og nybygg

Nordfjordeid fekk sitt første faste skulehus kring 1865. Det vart reist ved Fargargrova like ved kyrkja, men vart rive i 1924 og flytta til Roti som ungdomshus.

På tomta etter det første skulehuset vart det så reist eit stort, kombinert skulehus som romma folkeskulen i 1. etasje, Eids Gymnas i 2. etasje og Eid realskule i 3. etasje. I kjellaren var det skulekjøkken. Både dette og det kombinerte huset for folkehøgskule og kommuneadministrasjon på Myklebust var teikna av Anders Karlsen frå Eid og bygt av byggmeister Henrik Halse frå Stårheim.

I 1959 vart det reist eit tilbygg til Eid skule som m.a. inneheldt gymnastikkrom og klasserom for realskulen. Dette bygget er framleis i bruk av Eid vidaregåande skule.

Skulehusa brann ned

På 1970-talet brann begge dei store skulebygga frå 1920-talet ned: Rådhus/skulebygget på Myklebust (på folkemunne kalla «Knoken») i 1972, og Eid gamle skule i 1978.

Nybygg på Myklebust

Men alt i 1965 hadde folkeskulen på Nordfjordeid flytta over i nybygg på Myklebust, der kommunen hadde sikra seg eit stort område på kring 140 dekar til framtidig skuleutbygging. Då dette vart teke i bruk, vart skulekrinsane Os, Hundeide, Sørland og Torheim lagde ned og sentraliserte til Nordfjordeid. I 1970 vart også borna i Lote krins overførde til Nordfjordeid, sjølv om dennne bygda heilt fram til 1992 høyrde til Gloppen kommune. Det same skjedde med Hennebygda, der skuleborna vart overførde til Nordfjordeid i 1981.

Nordfjordeid skule vart utvida i 1991 med fleire klasserom, og ein paviljong for skulefritidsordninga i 1997.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.05.2008