Hopp til innhold
X
Innhald

Slakteristriden i Nordfjord

Hard strid

Vestlandske Salslag i Nordfjord, eigd av Vestlandske Salslag, vart opna på Nordfjordeid 1964. Slakteriet på Nordfjordeid var eitt av fleire sentralslakteri som vart bygde av Vestlandske Salslag kringom på Vestlandet, og som på få år gav Sogn og Fjordane moderne slakteri i Sogndal, Førde og Nordfjordeid.

Hard strid

Sentralslakteriet for Nordfjord vart lokalisert på Nordfjordeid etter ein hard strid. Innfjordingane rekna det som eit utidig kupp, sett i scene av eidarane, og svik mot gamle lovnader om å velje Olden då årsmøtet i Vestlandske Salslag gjekk inn for at slakteriet skulle plasserast på Nordfjordeid. Striden enda med at bønder i indre Nordfjord braut ut og bygde sitt eige slakteri i Olden; Nordfjord Kjøttindustri. Dette var den første tida eit underbruk av Stryn Meieri og hadde nærmast identisk logo.

Nordfjord Kjøttindustri vart seinare overteke av disponenten, Leif Roksvåg, som seinare bygde stort slakteri i Loen under firmanamnet Nordfjord Kjøtt (sjå Nordfjord Kjøttindustri (Nordfjord Kjøtt)).

Lokal konkurranse

Då Vestlandske Salslag etablerte seg på Nordfjordeid, var det frå før tre slakteri i kommunen: Sverre Humborstad, O.K. Osnes (sjå desse under ”Industri og næring i Eid”) og A. O. Lefdal. Salslaget sin strategi var å «kvele» desse ved å leggje storslakteriet midt i deira smørauge. Dei lukkast med dei to på Nordfjordeid, men Humborstad dreiv i mange år vidare i Kjølsdalen og utvida jamvel verksemda med stort nybygg, men gjekk til slutt konkurs.

Slakterianlegget i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slakterianlegget i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slutt i 2003

Etter at Vestlandske Salslag opna eit nytt storslakteri på Reset i Førde i 1984, vart dei regionale slakteria i Sogndal og Nordfjordeid gradvis trappa ned. Slakteriet på Nordfjordeid vart stengt for godt i 2003 og bygningane selde til LefdalGruppen (sjå Forretningsfamilien Lefdal).

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 14.02.2011