Hopp til innhold
X
Innhald

Slapp dødsdom for blodskam

Ola Otteson Hunvik (1689–1746) frå Hunvik var soldat i 10-årskrigen.

Ein gong gjorde han teneste på ein kanonbåt med eit mannskap på 15, og der Ola var den einaste overlevande etter eit slag. I 1741 vart han dømd til døden for å ha fått barn med ei kvinne som var i slekt med hans eiga kone.

Dette vart rekna som blodskam i dei dagar, også ned til firmenningar på sida til ektemaken. Men Ola slapp fri dødsdommen fordi han hadde gjort teneste som soldat – eit vanleg kriterium for å få nedsett straff i eldre tider. I staden fekk han slaveri på livstid.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.11.2008