Hopp til innhold
X
Innhald

Sophus Lie

Sophus Lie (1842-1899), fødd på Nordfjordeid, son av sokneprest Johan Herman Lie. Professor i matematikk.

Sophus Lie (1842-1899), fødd på Nordfjordeid, son av sokneprest Johan Herman Lie. Professor i matematikk.

Han vert ved sida av Nils Henrik Abel rekna som den største matematikaren Noreg har fostra. Realeksamen frå Universitetet i Oslo 1859, doktorgrad 1871 med «En Classe geometriske Transformationer». Professor 1872. Medstiftar av tidsskriftet «Archiv for Matematik og Naturvidenskap» 1876. Professor i Leipzig 1886. Studentar frå heile Europa og Amerika søkte til Lies institutt.

Lie kom i 1898 tilbake til Oslo etter at Stortinget oppretta eit personleg professorat for han. Han sleit i mange år med migrene og annan sjukdom, og døydde 57 år gamal.

Sophus Lie Konferansesenter med årlege matematikk-seminar opna på Nordfjordeid 1997. Forfattaren Arild Stubhaug har skrive ein biografi om Sophus Lie.

På heimstaden Nordfjordeid er det reist eit minnesmerke over Sophus Lie, laga av kunstnaren Elisabeth Steen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På heimstaden Nordfjordeid er det reist eit minnesmerke over Sophus Lie, laga av kunstnaren Elisabeth Steen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.01.2016