Hopp til innhold
X
Innhald

Søren Michaelson Mørch

Søren Michaelson Mørch d. 1755, jordeigar, handelsmann og fungerande fut. Kjøpte i 1737 storgarden Gjerde på Nordfjordeid, og i 1751 garden Jo-tunet på Myklebust med tilhøyrande handel og gjestgiveri. Han måtte gå frå Gjerde-eigedomen i 1853 etter ei tapt odelssak, og busette seg på Myklebust - den eldste storgarden.

Mørch eigde mange gardar i Eid, Stårheim og Hornindal og var fleire gonger fullmektig for futen, som på den tida budde på Fure i Fjaler kommune - sjå: Futesetet på Fure.

Då den styrtrike futen Hans Nielsen Rue gjorde underslag og vart avsett i 1731, fungerte Mørch ei tid som fut for Sunnfjord og Nordfjord. Han fungerte også ei tid som fut i Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.03.2008