Hopp til innhold
X
Innhald

Sparebanken Vest

Sparebanken Vest på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Vest på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Vest med hovudkontor i Bergen er den største sparebanken på Vestlandet.
Banken fekk eit solid fotfeste i Sogn og Fjordane i 1989 då Nordfjord Sparebank vart innlemma i Sparebanken Vest. Dei tidlegare sparebankane Selje Sparebank og Nord-Vågsøy Sparebank i Måløy hadde slege seg saman med Nordfjord Sparebank i 1971.

Sparebanken Vest opna avdeling i Førde år 2001.

Kjøpte Fokus Bank-filialar

I 2006 hadde Sparebanken Vest kontor i Selje, Måløy, Nordfjordeid, Svelgen, Florø, Førde og Sogndal. Same året kjøpte Sparebanken Vest opp Fokus Bank sine filialar i Sogn og Fjordane for 220 millionar kroner, og skipa samstundes ein ny filial i Stryn. Seljar av Fokus Bank-avdelingane var Danske Bank som eig Fokus Bank.

Etter dette har Sparebanken Vest kontor i Selje, Stadlandet, Måløy, Bryggja, Davik, Nordfjordeid, Stryn, Florø, Førde, Høyanger, Sogndal og Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.10.2010