Hopp til innhold
X
Innhald

Stadnamnet Malakov

På dette flyfotoet av Nordfjordeid ser vi Malakov til venstre. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

På dette flyfotoet av Nordfjordeid ser vi Malakov til venstre. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Den sørlege delen av den gamle eksersisplassen langs Eidselva og sandreina som dannar seg før sjølve Plassen, ber det framandklingande namnet Malakov. Namnet har opphavet sitt frå Krim-krigen 1853-1856 mellom Russland på den eine sida og Tyrkia med støtte frå vestmaktene på den andre sida.

Historia er fylgjande: Den irskætta, franske divisjonsgeneralen Mac Mahon (som seinare vart marskalk av Frankrike og president i den franske republikken) leia den 8. september 1855 ein infanteridivisjon som storma bastionen Kolnikov med Malakov-tårnet som var nøkkelen til Sevastopol. «Eg er her, eg blir her» skreiv Mac Mahon til øverstkommanderande då han fekk melding om at russarane hadde planar om å sprengje Malakov-tårnet i lufta.

Storminga sikra vestmaktene kontrollen over dei sørlege festningsverka kring byen, og sigeren over Kolnikov og Malakov-tårnet blir rekna for avgjerande for at det ikkje så lenge etter - 30. mars 1856, vart slutta fred, og Svartehavet kunngjort som nøytralt hav.

Storminga av Malakov-tårnet vart frå vestleg side sett på som ein av dei fremste militære heltedådane under Krim-krigen. Denne «heltedåden» var grunnen til at ein del av Plassen - den delen som ligg nærast Eidselva, fekk «aukenamnet» Malakov. Namnet vart til i militærtida, men har sidan festa seg som autorisert stadnamn på Nordfjordeid.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011