Hopp til innhold
X
Innhald

Stårheim Handelslag

Bak disken på gamlebutikken til Stårheim Handelslag. Til venstre er styrar Per Starheim, til høgre  Mathilde Orheim. © Fylkesarkivet.

Bak disken på gamlebutikken til Stårheim Handelslag. Til venstre er styrar Per Starheim, til høgre Mathilde Orheim. © Fylkesarkivet.

Stårheim Handelslag vart grunnlagt 1906 og heitte først Starheims Landboeforening. Den første butikken låg ved den gamle Stårheimsbrua, vegg i vegg med Staarheim Meieri. I 1952 bygde Stårheim Handelslag ny forretning på Rasmus D. Halvorsen si dampskipskai, og overtok seinare drifta av kaia.

På 1980-talet vart Stårheim Handelslag slege saman med Nordfjord Handelslag, som seinare vart slege saman med handelslag på Sunnmøre til COOP Nordfjord og Sunnmøre med hovudkontor i Volda. I 2007 vart avdelinga på Stårheim lagd ned saman med COOP-butikken på Bryggja.

Coop Marked, tidlegare Stårheim Handelslag på Stårheim. Butikken vart lagd ned i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked, tidlegare Stårheim Handelslag på Stårheim. Butikken vart lagd ned i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011