Hopp til innhold
X
Innhald

Stårheim kyrkje

Stårheim kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stårheim kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stårheim kyrkje vart bygd i 1864. Arkitekt var Chr. H. Grosch, byggmeister Gjert Lien. Altartavla frå 1903 er måla av Anders Orheim (sjå denne under Kjende personar i Eid fødde år 1850-1900).

Minnestein for salmediktaren Mathias Orheim og ektemaken Maria Orheim er reist på kyrkjegarden. Like ved kyrkja står minnestøtta over Stårheimsætta, reist i 1960.

Sette fyr på kyrkja

Ei privat kyrkje tilhøyrande Stårheimsætta stod på Stårheim – truleg i Stårheims-tunet, der «Kyrkjebekken» framleis finst.

Den var reist på 1100-talet, og er første gong nemnt i eit brev i 1338, då nokon hadde sett fyr på den vesle kyrkja. Truleg var dette bønder i bygda som hadde kome på kant med dei mektige kyrkjeeigarane. Bjørgvin-bispen gjorde ei mislukka reise til Stårheim for å finne ut kva som hadde hendt. To år seinare skriv bispen tilbake til storfolket på Stårheim at kyrkja deira skal byggjast opp att.

Bygdefolket murra om søksmål

I 1341 vart den private kyrkja på Stårheim lagt under presten på Eid. Denne kyrkja var truleg stavkyrkje som stod fram til kring 1600, då det vart bygd ei enkel kyrkje som var 19 meter lang og 9,5 meter brei. Men kyrkjeeigarane heldt Stårheims-kyrkja så dårleg ved like at bygdefolket på 1840-talet murra om søksmål mot eigarane for slurvet.

Etter ein brann i 1859 gjekke bispen inn for at det vart bygd ei ny kyrkje på Stårheim. Men etter mykje strid med soknestyret vart det først vedteke at den brannskadde kyrkja skulle reparerast, før ein endeleg, i 1862, fann ut at det beste var å byggje ny kyrkje som stod ferdig i 1864.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.01.2011