Hopp til innhold
X
Innhald

Stårheimsætta

Stårheimstunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stårheimstunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stårheimsætta med sete på Stårheim var ei svært mektig stormannsætt i dei urolege borgarkrigsåra på 1200-talet. Den stod på høgda av makta då dronning Ingerid gifta seg med lendmannen Arne på Stodrheim og m.a. fekk sonen Nikolas som vart bisp og leiar for baglarane i oppgjera med kong Sverre Sigurdsson.

Arne Kongsmåg sat nærast kongen

Arne Kongsmåg sat nærast kongen

Folket tok truleg over som den leiande hovdingætta i Nordfjord midt på 900-talet då det gjekk mot slutten for storfolket på Myklebust på Nordfjordeid. Lendmann Arne på Stodrheim kalla seg også Arne Kongsmåg fordi han var gudfar og næraste rådgjevar til barnekongen Magnus Erlingsson. Arne vart gift med ei svensk prinsesse, Ingerid. Ingerid fekk norsk dronningtittel då ho ei tid var gift med kong Harald Gille (1103-1136). Då Harald Gille vart snikmyrda, gifta ho seg med Ottar Birting i Trøndelag. Og då Ottar Birting vart drepen i 1146, gifta ho seg med Arne på Stårheim, som vart den fjerde ektemaken hennar.

Inerid var svensk kongsdotter

Dronning Ingerid Ragnvaldsdotter og Arne på Stodrheim, vart foreldre til tre søner og ei dotter. Eitt av borna var bisp Nikolas Arnesson. Nikolas vart leiar for baglarane som slost mot kong Sverre Sigurdsson i den blodige borgarkrigstida. Nikolas Arnesson fekk seinare tilnamnet ”Baglar-bispen”. Om bisp Nikolas vart det sagt at han var ein av dei best utdanna geistlege i Norden på den tida, og skipet hans skulle difor ha heitt ”Bokskreppa”.

Arne på Stodrheim slik kunstnaren Inge Rotevatn har framstilt han.

Arne på Stodrheim slik kunstnaren Inge Rotevatn har framstilt han.

Kvar låg garden?

Kvar låg garden?

Truleg låg garden til stormannsætta i Stårheimstunet, der ei oppkome framleis vert kalla Kyrkjebekken etter ei kyrkje som stod i gardstunet. Blotsberget ligg like ved tunet. Det same gjer Tinghaugen. Ved kyrkja på Stårheim vart det i 1960 reist ein minnestein over Stårheimsætta.

Bøker om ætta

Lokalhistorikaren Edvard Os har skrive boka «Stårheim og Stårheimsætta i mellomalderen», og i 2006 gav Selja Forlag ut ei bok om Stårheimsætta: «Dronning Ingerid og bisp Nikolas».

- Les meir om den mektige mellomalderætta på Stårheim i biografiane til lendmann Arne på Stodrheim, Dronning Ingerid Ragnvaldsdotter, bisp Nikolas Arnesson, Margrete Arnesdotter og baglarkongen Filippus Simonsson .

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 11.02.2011