Hopp til innhold
X
Innhald

Stor gravhaug på Reksnes

Bronsenål som vart funnen i ei gravrøys i Hennebygda.

Bronsenål som vart funnen i ei gravrøys i Hennebygda.

På ytre Reksnes ligg ei av dei største gravrøysene på Vestlandet, men det vart ikkje funne gjenstandar i røysa då det tidleg på 1900-talet vart grave i den.

Det gamle tunet i Kjølsdalen heitte i norrøn tid Myklebustad (Myklebust). I ei branngrav på Holen – der liket vart kremert før gravleggjing - vart det i 1906 funne sverd, spyd og andre våpen og ein dåse av gull, og i Humborstadstranda vart det funne perler og restar av eit skrin i 1909.

Kringom i Eid kommune er det elles m.a. funne våpen og mykje gamal reiskap i ei branngrav på Skaugset ved Hornindalsvatnet. På Hjelle vart det i 1914 funne ei stridsøks og ei saks. På Roti er det funne ein spydspiss, eit økseblad, restar av ei trebytte og eit sverd med restar av forgylling frå yngre jernalder, og aust for Eid kyrkje vart det i 1875 funne to sverd og mykje gamal reiskap.

Det er også funne smykkesteinar i graver på Haugland, Remme og Stårheim. Frå steinalderen er det relativt få funn i Eid, men ei øks som vart funnen i Vedvik og restar av eit hestebissel frå Leivdal skriv seg frå bronsealderen .

Mange vikinggraver i Hennebygda

I Hennebygda er det funne i alt 12 gravrøyser frå eldre jernalder og vikingtida på ein stad som heiter Indre Skjeret. I ei kvinnegrav frå 400 e.Kr.f. er det m.a. funne perler av rav og glas og ei irsk bronsenål. I mannsgraver er det funne båtsaum, sverd og andre våpen og ulike reiskapar til dagleg bruk på garden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 11.02.2011