Hopp til innhold
X
Innhald

Stor tysk eksersisplass på Nordfjordeid

Plassen ca. 1955 med tyskarbrakker frå krigen.

Plassen ca. 1955 med tyskarbrakker frå krigen.

Under 2. verdskrig bygde tyskarane store brakkebyar for opptil 1.000 mann på Plassen på Nordfjordeid.

Nordfjordeid var også kommandoplass under Måløyraidet 3. juledag 1941. Men kloke av skade, flytta tyskarane denne raskt til Måløy etter raidet!

Kampfschule Nordfjordeid

Frå 1943 vart eksersisplassen også utdanningssenter for divisjonen i Førde. Skulen heitte Kampfschule Nordfjordeid. I tillegg til vanleg rekruttskule vart det skipa til panservernkurs, skikurs og utdanning av underoffiserer.

Skaut skogen i brann

På Nes ved Hornindalsvatnet dreiv tyskarane skyteøvingar med kanonar. I mai 1941 fall ein granat ned på garden Lindvik på nordsida av vatnet og sette fyr på 15 dekar granskog.

Porten til militærleiren vart ståande med tyske symbol fleire år etter krigen. Dette biletet er teke i 1952. Foto frå Sogeskrift for Eid.

Porten til militærleiren vart ståande med tyske symbol fleire år etter krigen. Dette biletet er teke i 1952. Foto frå Sogeskrift for Eid.

I tillegg til infanteriavdelingane på Nordfjordeid, hadde tyskarane ein del soldatar forlagde på Stårheim, der dei rekvirerte ungdomshus, bedehus og skulekjellaren til forlegning. På slutten av krigen vart det bygd ein flymeldepost for Luftwaffe i Kjølsdalen. Tyskarane fekk fullført siste arbeidet på riksvegen Måløy-Nordfjordeid i 1943.

773 landminer

På nordsida av Nordfjordeid, langs vegen mot Måløy, bygde tyskarane sperrestilling og la ut 773 landminer. Tilsvarande vart gjort ved Hundeide på sørsida av Eidsfjorden, der det vart lagt ut 298 landminer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011