Hopp til innhold
X
Innhald

Storfolk på Naustdal

Dei fleste historikarar reknar med at ei stormannsætt som rådde i Fjordane i vikingtida hadde tilhald på Naustdal i Eid - og ikkje i Naustdal i Sunnfjord. På Naustdal budde det storfolk på Harald Hårfagres tid. Vemund frå denne ætta var konge over Firdafylket i 870.

Brende 90 menn inne

Snorre fortel at Ragnvald jarl kringsette husa på garden og brende fiendane inne medan småkongen Vemund heldt gjestebod. Vemund og 90 av hans menn brende inne. På Naustdal står to bautasteinar att frå denne tida.

Naustdal var adelsgard

Naustdal var adeleg setegard i dansketida, d.v.s. at adelsmenn som var fritekne for skatt og tiende, truleg budde på garden. I 1626 var det den danske adelsmannen Chr. Ulfeldt som eigde garden. I 1639 var det kring 100 slike adelege setegardar i Noreg. Dei mest kjende adelsgardane i Sogn og Fjordane var Svanøy i Sunnfjord og Kaupanger hovedgård i Sogndal, men elles fanst det slike adelsgardar m.a. på Stedje og Kvam i Sogndal og fleire stader i Luster kommune.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.11.2008