Hopp til innhold
X
Innhald

Strandsitjarane

Nordfjordeid ca. 1900 med Almenningen nærast.

Nordfjordeid ca. 1900 med Almenningen nærast.

I strandkanten ved storgarden Gjerde låg Almenningen, som var felles utskipingsplass for folk i Hornindal og Eidsdalen. Før damskipskaia kom i 1902, var fjøra her det første tilflotet for ilandføring av varer frå Fylkesbaatane. Like ved denne Almenningen grodde det i Hola opp ein liten «landsby», der alle slags handverkarar og småhandlarar slo seg ned.

Dette er eit liknande «strandsitjarmiljø» som vi finn på Lærdalsøyri, Sogndalsfjæra og Vikøyri i Sogn – og er det einaste i sitt slag i Nordfjord.

Det fanst òg ein liten bygningskrull med strandsitjarar i fjæra ved Eid kyrkje. Innanfor eit kvadratur på 100x100 meter kunne ein i Hola kring 1950 finne apotek, fiskehandlar, nothenge, trelasthandlar, skomakar, brusfabrikk, trykkeri, pensjonat, trevarefabrikk, meieri, fleire landhandlarar, systover, fotograf o.s.b. Mykje av denne bygningsmassen står framleis.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 14.02.2011