Hopp til innhold
X
Innhald

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn. Foto: Eldgrim Fossheim, NRK.

Sveinung Rotevatn. Foto: Eldgrim Fossheim, NRK.

Sveinung Rotevatn fødd 1987 i Eid, jusstudent og politikar. Rotevatn vart i 2010 vald til leiar i Unge Venstre etter å ha vore i sentralstyret frå 2008. Kommunestyremedlem i Eid frå 2011. I 2012 vart han nominert på førsteplass på stortingslista til Sogn og Fjordane Venstre, og ved valet i 2013 kom han inn på Stortinget på eit utjamningsmandat. Frå 2012 styremedlem i Noregs Mållag. Same året vart han kåra til årets europear av Europeisk Ungdom.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2013