Hopp til innhold
Sverre Heggen. Foto: NRK Fylkesleksikon.
Sverre Heggen. Foto: NRK Fylkesleksikon.
X
Innhald

Sverre Heggen

Sverre Heggen, forsikringsmann og fotballorganisator frå Nordfjordeid.

Sverre Heggen (1930–2017), frå Nordfjordeid. Forsikringsmann og fotballorganisator.

Heggen var sentral spelar på fotballaget til Eid IL på 1950-talet. Sidan la han ned eit stort arbeid som trenar, dommar og leiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets. I 1965 vart han den første elitetrenaren i fylket. Seinare utdanna han seg som diplomtrenar.

Heggen er tildelt Fotballkrinsens gullmerke, Sogn Fjordane Idrettskrins sitt heidersteikn og Eid kommune sin kulturpris. Heggen fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2007.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 08.08.2017