Hopp til innhold
X
Innhald

Telegraf og telefon i Eid

Telegrafstyrar Lauritz Fjørtoft på Nordfjordeid ca. 1900. Foto utlånt av Historisk galleri, Lars Lunde.

Telegrafstyrar Lauritz Fjørtoft på Nordfjordeid ca. 1900. Foto utlånt av Historisk galleri, Lars Lunde.

Alle stadene som er nemnt nedanfor hadde eigen teleonsentral.

Nordfjordeid

fekk rikstelegrafstasjon 1887, og var lenge den einaste i midtre og indre Nordfjord. Før det statseigde Telegrafverket løyste inn det private telefonnettet i Eid, var det det private «Sønd og Nordfjords Telefonselskab / Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab» som bygde og dreiv telefonnettet. Selskapet fekk konsesjon første gong i 1892. Dette selskapet bygde og dreiv eit avgrensa telefonnett på Nordfjordeid og grendene oppover langs Hornindalsvatnet frå 1983. Nordfjordeid fekk rikstelefonstasjon i 1900.

Telefonstasjonen på Nordfjordeid ca. 1900. Personane på biletet er frå v. Peder Moen, Anne Pernille Margrete Knutsdotter og Anna Moen Haugland. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Telefonstasjonen på Nordfjordeid ca. 1900. Personane på biletet er frå v. Peder Moen, Anne Pernille Margrete Knutsdotter og Anna Moen Haugland. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Nor

fekk privattelefon i 1893 og rikstelefon i 1909.

Skrede

fekk privattelefon i 1893. Den vart lagt ned i 1909.

Holmøyane

fekk privat telefonstasjon i 1893. Rikstelefon kom til bygda i 1909.

Naustdal

fekk rikstelefon i 1900.

Stårheim

fekk rikstelefon i 1900.

Kjølsdalen

fekk rikstelefon i 1900.

Telefonarbeidarar – såkalla graffarar frå Kjølsdalen. Frå v. Rasmus Lund, Jon Kjøllesdal, Oskar Elvebakke, Jon Leite, Berent Gilleshammer, Emil Sundal, ? Elvebakke, Kristian Horn, ukjend, Anton Horn. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Graffarane frå Kjølsdalen

Graffarar er yrkestittelen for anleggsfolka som dreiv med montering og vedlikehald av telegraf- og telefonliner. ”Graffar” er avleidd av ”telegraf”. I Sogn og Fjordane har graffaryrket hatt stor rekruttering særleg frå to bygdelag : Kjølsdalen i Eid kommune, og Dalsøyra i Gulen og bygdene ikring. I begge bygdelag har det vore arbeidslag med linjemontørar heilt sidan 1800-talet.

Graffarar frå Kjølsdalen på arbeid på Strynefjellet.

Graffarar frå Kjølsdalen på arbeid på Strynefjellet.

Lote og Hennebygda

fekk rikstelefon i 1903. Om lag samstundes har truleg Hennebygda fått telefon. Her vart telefonen automatisert i 1977.

I 1982 vart telefonen på Nordfjordeid automatisert. Dette er siste arbeidsdagen til damene på telefonsentralen. Foto: Fjordabladet.

I 1982 vart telefonen på Nordfjordeid automatisert. Dette er siste arbeidsdagen til damene på telefonsentralen. Foto: Fjordabladet.

Det tidlegare televerksbygget på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare televerksbygget på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014

Sist oppdatert: 11.02.2011