Hopp til innhold
X
Innhald

Totlands Sementvarefabrikk A/S

Totland Sementvarefabrikk sitt anlegg i Øyane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totland Sementvarefabrikk sitt anlegg i Øyane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totlands Sementvarefabrikk A/S vart grunnlagd i 1958 på Nordfjordeid av Olaf Totland, som tidlegare også dreiv drosje og bensinstasjon. produserte bygningsstein, betongrøyr m.m., men har dei siste åra avgrensa verksemda til ferdigbetong. I 2011 vart fabrikken kjøpt av Sunnfjord Betong AS (sjå Førde Sementvarefabrikk AS under Førde kommune) og fekk namnet Nordfjord Betong.

I 2012 bygde Nordfjord Betong nytt produksjonsanlegg på Løkjaneset, der selskapet leiger fem mål av John Olav Lefdal. (Sjå elles Forretningsfamilien Totland).

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.10.2012