Hopp til innhold
X
Innhald

Trevarefabrikkar i Eid

E. M. Aardal rivefabrikk

Heggen Møbelfabrikk AS i Mogrenda er eldste industriverksemda i Eid, grunnlagt av Paul Heggen 1909. Heggen produserer i dag salongbord.

E. M. Aardal rivefabrikk

E. M. Aardal starta i 1915 ein liten rivefabrikk i Kjølsdalen. Han hadde året før bygt eit lite kraftverk. Fabrikken var i drift til kring 1950.

Bjørlo Trevarefabrikk

er ein av dei største trevarefabrikkane i Sogn og Fjordane, og vart grunnlagt 1918 av brørne Hans og Knut Bjørlo. Verksemda har i 2004 over 100 tilsette, og hovudproduktet er «Norgesvinduet».

Bjarne Espe Trevarefabrikk AS

i Hjelmelandsdalen vart skipa i 1947 av Bjarne Espe. Hovudproduktet idag er kjøkkeninnreiingar.

Nordfjord Lenestolfabrikk A/S

grunnlagt på Nordfjordeid i 1949 av Elias Sefland, Hans Hatlelid og Herman Aasebø.

Hatlegjerde Trevarefabrikk

Hatlegjerde Trevarefabrikk

i Kjølsdalen vart grunnlagt i 1949 av Johannes og Johan Hatlegjerde og Olav Drabløs. Dei produserte dører, vindauge, kjøkkeninnreiingar m.m.

Norgesvinduet Bjørlo AS

– sjå Bjørlo Trevarefabrikk.

Bjørlo Haugen AS

– sjå Bjørlo Trevarefabrikk.

Beverlo AS

– sjå Bjørlo Trevarefabrikk.

Les meir om fabrikkar og verkstader i Eid.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 09.07.2008