Hopp til innhold
X
Innhald

Tunolds Bakeri AS

Tunolds Bakeri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tunolds Bakeri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tunolds Bakeri AS på Nordfjordeid vart skipa i 1986 av Leif Petter Tunold frå Bryggja. Verksemda er det største bakeriet i Nordfjord og hadde leveransar til store delar av Sunnmøre og Sunnfjord i tillegg til Nordfjord.

I 2001 hadde Tunold 35 tilsette og ei omsetning på 28 millionar kroner. I 2002 overtok Tunold LeFi Bakst (sjå Vassenden Dampbakeri) i Jølster, og la like etter ned avdelinga som dette bakeriet dreiv i Sogndal. I 2002 gjekk Tunold også inn i Bakehuset Norge som tel 10 bakeri kringom i i Noreg og fekk då namnet Bakehuset Tunold.

I 2002 hadde Tunold 60 tilsette ved bakeria sine og ei omsetning på 85 millionar kroner. Hausten 2003 gjekk Bakehuset Norge inn i Orkla-eigde «Bakers».

I 2004 vart avdelinga i Jølster lagd ned, og produksjonen vart flytta til Nordfjordeid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.01.2011