Hopp til innhold
X
Innhald

Ulovleg hjortejakt og vådeskot

I 1641 vart ein ung mann frå Kjølsdalen drepen av eit vådeskot frå broren si børse medan dei var ute på hjortejakt.
Broren tok seg så nær av hendinga at han vart sjuk og døydde like etter. Hjortejakt var strengt forbode for andre enn storfolk på den tida, og ein tredje mann som var med i jaktlaget, vart hardt straffa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 05.05.2007