Hopp til innhold
X
Innhald

Ulrik Bugge

Ulrik Bugge (1806-1878) frå Drøbak, busett på Nordfjordeid. Prest og politikar. Etter presteeksamen 1831 arbeidde han nokre år som lærar. Var sokneprest i Herad i Vest-Agder 1843-1855 og i Eid frå 1855 til han døydde i 1878.

Bugge gjorde framlegg om å skipe ein «almueskole» og ein lærarskule i Eid, men vann ikkje fram korkje i skulestyre eller kommunestyre med idéen.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.03.2008