Hopp til innhold
X
Innhald

Ulven utrydda hjorten

Hjort som vart felt ved Movatnet kring 1905. Jegerane er frå v. Pål Heggen, Paul Åsebø, Matias Hjelle, K. Spangberg og Knut Heggen Hjelle. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Hjort som vart felt ved Movatnet kring 1905. Jegerane er frå v. Pål Heggen, Paul Åsebø, Matias Hjelle, K. Spangberg og Knut Heggen Hjelle. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

I retteleg gamle dagar skulle det vere mykje hjort i skogane på nordsida av Nordfjord. Men så kom det ein periode då ulvestammen vaks og nærast utrydda hjorten.
På sørsida derimot var det lita eller inga ulvbeplage, og difor heldt hjortestammen i t.d. Ålfoten og kring Gule-fjordane seg godt oppe. I Kjølsdalen skal ein ha sett far etter ulv i snøen så seint som i 1863.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011