Hopp til innhold
X
Innhald

Vanskelege landingstilhøve på Nordfjordeid

DS ”Nordfjord I” ved nyekaia på Gjerdegarden på Nordfjordeid. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

DS ”Nordfjord I” ved nyekaia på Gjerdegarden på Nordfjordeid. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Bygdealmenningen

Fram til Fylkesbaatane starta rutene sine i 1858 måtte all tyngre varetransport på fjorden gå med jekter. Varer som skulle førast med jektene, vart samla på ein stabelplass i fjæra. Den mest kjende stabelplassen i Eid kommune er Almenningen som ligg like framfor hovudhuset på storgarden Gjerde. Staden ber same ”Almenningen”- namnet den dag i dag, sjølv om den no er utbygd med gater og parkeringsplassar. Almenningen var frå gamalt av laste- og losseplass for både Eid og Hornindal.

Almenningen på Nordfjordeid på 1930-talet. Her vart varene landa med jekter før det vart bygt kai. Buene bak tilhøyrer Alf Lillestøl (t.v.) og Eid Forbruksforening (t.h.) Ukjend fotograf.

Almenningen på Nordfjordeid på 1930-talet. Her vart varene landa med jekter før det vart bygt kai. Buene bak tilhøyrer Alf Lillestøl (t.v.) og Eid Forbruksforening (t.h.) Ukjend fotograf.

Fylkesbaatane kjem

Nordfjordeid fekk rutestopp av Fylkesbaatane heilt frå den første Nordfjord-ruta med " D/S Fjalir" starta i 1859.Det fylkeseigde selskapet Nordre Bergenhus Amtsbaater - Fylkesbaatane - var skipa året før. I Nordfjord fekk D/S "Fjalir" sine første stopp i Måløy, Bryggja, Dombestein, Naustdal, Nordfjordeid, Hestenesøyra, Vereide, Sandane, Ryssfjøra, Utvik, Faleide og Stryn. Men på Nordfjordeid var det ikkje enkelt å kome til med ein stor rutebåt: Dei grunne sandøyrane gjorde at rutebåten dei første åra måtte leggje seg for anker på Bugen ved Osnes. Der vart den borda frå båtar som rodde ut frå Boalthbryggja ved garden Gjerde.

Kai på Skårhaug

Seinare vart det bygd kai på Skårhaug om lag ein kilometer nordvest for sentrum, der John W. Skaarhaug var ekspeditør. I 1899 vart Skårhaugkaia og pakkhuset der rasert av fjordisen. Det vart sett opp ei mellombels kai på Skårhaug. I 1902 bygde eit lokalt aksjeselskap - A/S Eids Dampskipsbrygge - ny kai ved garden Gjerde inne i fjordbotnen. Her vart Gabriel Totland ekspeditør, slik han hadde vore på Skårhaug sidan 1894.

Arbeid på kaia på Gjerde ca. 1900.

Arbeid på kaia på Gjerde ca. 1900.

På 1930-talet vart kaia og hamna skjerma med ein stor molo. Moloarbeidet vart utført som naudsarbeid for arbeidslause. I 1975 bygde ekspeditøren Gudmund Totland ny terminal og godslager på 1400 kvm. I 1977 overtok Nordfjord og Sunnmøre Billag denne ekspedisjonen.

Kaia og godsterminalen på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kaia og godsterminalen på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ekspressbåtrute til Nordfjordeid

Nordfjordeid vart endestopp for den første ekspressbåtruta på Nordfjord då den starta i 1971. Nordfjord-ruta vart på 1980-talet korta ned slik at den fekk endestopp i Måløy. I 1988 vart ruta lengd nordover frå Måløy slik at den fekk ny endestopp i Selje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011