Hopp til innhold
X
Innhald

Våpenskjoldet frå Lote

På 1600-talet hekk det to våpenskjold i kyrkja på Vereide i Gloppen.

Dei var av tre og trekte med lær, måla og forgylla. Det eine skjoldet var frå ei stormannsætt på Vereide og var prydd med løve med krune og øks.

Det andre var frå Lote og var prydd med ein kross øvst og med to figurar som kunne minne om lårbeina på eit menneske. Dette skjoldet skal ha tilhøyrt ein riddar som ein gong i tida budde på Lote. Ein gong etter 1623 vart dei to skjolda tekne ned og truleg sende til ei oldsaksamling i København. Her har dei kome bort.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 20.01.2009