Hopp til innhold
X
Innhald

Våpensmugling og terror

Johan Hundvik til h. saman med familien sin i 1947.

Johan Hundvik til h. saman med familien sin i 1947.

I samband med opprulling av våpenruter og motstandsfolk på Vestlandet i kjølvatnet av Tælavåg-aksjonen 1943, vart det avslørt ei våpenrute frå øya Silda til Hunvik, og derfrå mot Austlandet.

Johan Hunvik vart arrestert. Det vart òg båteigar John Lillestøl og lastebilsjåfør Johan Holst på Nordfjordeid, som hadde teke del i våpentransporten. Alle vart grovt torturerte og hamna i tysk konsentrasjonleir. I Hunvik brende Gestapo Johans sjøhus. Alle vart sitjande i tysk fangenskap til freden.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.09.2011