Hopp til innhold
X
Innhald

Vegkontoret på Nordfjordeid

I dette huset heldt vegkontoret på Nordfjordeid til tidlegare. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset heldt vegkontoret på Nordfjordeid til tidlegare. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fram til 1964 var Statens Vegvesen organisert med avdelingskontor med eigen overingeniør og planavdeling for Nordfjord på Nordfjordeid.

I 1838 vart det tilsett åtte veginspektørar i Sogn og Fjordane. Nordfjord og Sunnfjord fekk ein kvar, medan dei øvrige seks vart plasserte i Sogn. Desse inspektørane sorterte under amtmannen (fylkesmannen) og hadde overoppsynet med bygging og vedlikehald av lokale vegar i sine distrikt.

Inspektørstillingane i Sunnfjord og Nordfjord var starten på utbygging av det som seinare vart lokale vegkontor med fleire tilsette. For Nordfjord låg kontoret på Nordfjordeid og for Sunnfjord i Førde. Vegkontoret heldt til i eit hus like ved Plassen som tidlegare hadde vorte nytta av det militære. Desse kontora hadde heilt fram til dei vart nedlagde i 1964 ei sterk stilling i vegadministrasjonen: Dei hadde ansvaret for planlegging, anlegg og vedlikehald i sine regionar, og gav vegsjefen råd om prioritering av anlegg for løyvingar.

Vegstasjonen på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegstasjonen på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegstasjonar

Frå 1966 vart det skipa fem vegstasjonar med vegmeister som leiar i Lærdal, Hermansverk, Vadheim, Førde og Nordfjordeid. I Øyane på Nordfjordeid vart det bygd kontor og serviceanlegg for maskinar og bilar. Stasjonane har ansvaret for drift og vedlikehald i sine distrikt. Frå 1974 vart det skipa ein eigen vegstasjon for ytre Nordfjord på Bryggja.

Biltilsynet har m.a. kontrollstasjonar og førarprøvar ved veg- og trafikkstasjonane på Nordfjordeid, i Førde og i Sogndal.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.01.2011