Hopp til innhold
X
Innhald

Vegsamband Lote–Stryn

Hennebygda sett frå vegen som vart opna i 2005 til Hopland i Stryn kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hennebygda sett frå vegen som vart opna i 2005 til Hopland i Stryn kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen mellom Lote og Hennebygda med Eitrånatunnelen (1056 meter) vart opna i 1980, og i 1981 vart skuleborna frå Hennebygda førde over til barne- og ungdomsskulane på Nordfjordeid.

I 2005 vart den fem kilometer lange vegen mellom Hennebygda i Eid kommune og Hopland/Randabygda i Stryn kommune opna, og dermed var det samanhengande veg heilt frå Lote til Stryn.

Hennebygda sett frå vegen som vart opna i 2005 til Hopland i Stryn kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hennebygda sett frå vegen som vart opna i 2005 til Hopland i Stryn kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det tok 90 år

Kravet om veg Stryn-Lote-Nordfjordeid var gamalt: Alt i 1916 gjorde kommunestyra i Innvik og Gloppen vedtak om bygging av veg mellom Faleide i Stryn og til Nordfjordeid via Lote. I 1937 gav fylkestinget prosjektet første prioritet, utan at det skjedde noko. Det gjekk nærare 90 år frå første kravet om vegen Stryn-Lote-Nordfjordeid var reist og til den vart opna.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 02.11.2009