Hopp til innhold
X
Innhald

Verd å sjå i Eid

Eid kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK

Eid kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK

Orheimmusèet

Stårheim, privat museum der gjenstandar og skrifter etter salmediktaren og forkynnaren Mathias Orheim er samla. Minnestein ved Stårheim kyrkje.

Skrivargarden Leikvin

på Løkja ca. seks km vest for Nordfjordeid. Stor, freda trebygning frå 1700-talet med m.a. måla hollandsk tapet og anna rosemåla dekor i interiøret. Vart for nokre år sidan drive som kunstgalleri av eigarane Siv Jørstad og Inge Rotevatn som dreiv det som kunstgalleri i 20 år.

Sophus Lie

Sophus Lie

Eid kyrkje

med verdfull utsmykking av treskjærar Lars Kinsarvik.

Gravhaugane på Myklebust

(Skjoratippen). Store gravhaugar der det tidleg på 1900-talet vart gjort store funn frå vikingtida – m.a. av ein vikingbåt.

Gamlebanken

tidlegare kontorbygning til Nordfjord Sparebank i Eidsgata. Vert no brukt som kulturhus og galleri.

Hærmusèet på Plassen

Gamle bygningar frå 1700-talet, som huser samlingar frå dei 300 åra då Nordfjordeid var eksersisplass for IR 10 – Infanteriregiment nr. 10.

Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK

Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK

Eidsgata

Eidsgata har til dels vel bevart bygningsmasse frå 1800-talet.

Gardsmusèet

på tidlegare Holmøy Arbeidsskule. Rommar m.a. interessante skulehistoriske gjenstandar frå skulen på 1800-talet.

Opera Nordfjord

vart starta i 1998 etter initiativ frå kunstnarparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich. I 2009 tok operaen i bruk eit stort og moderne operabygg.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011