Hopp til innhold
X
Innhald

Verdas største holaks i Eidselva

Eidselva, som renn frå Hornindalsvatnet til Eidsfjorden, er landskjend for å ha grov og stor laks. Elveeigarane skipa elveeigarlag i 1911.

Den 22. mai 1944 fiska Martin Hjelle ein av dei største laksane som er registrert fanga med sportsfiskarutstyr i Noreg i Hammarhølen ved Hjelle.

Laksen vog 27,6 kilo, og er den største kjende holaks av den nordatlantiske laksestammen som nokon gong er fiska.

Den 2. mai 1985 tok Martin Frislid ein laks på 25 kilo ved brua på Skibenes.

Anfinn Bjørlo fekk den 10. juni 1987 ein laks på 21 kilo i Brushølen på Alsaker, og 1. juni 2002 fanga Jofred Eimhjellen ein laks på 22 kilo i Moahølen ved Hjelle.

Eidselva ved Skipenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eidselva ved Skipenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fem karar med 18 laksar ved Os. Fangsten vart teken i not. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Fem karar med 18 laksar ved Os. Fangsten vart teken i not. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Laksefisket har vore eit viktig inntektsgrunnlag i mange kommunar i Sogn og Fjordane. Difor er tiltak for å verne villaksen viktige, og det er håp om at fleire kan oppleve det Egil Dahl gjorde i Eidselva ein junidag i 1986. Foto: Lars Lunde.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014

Sist oppdatert: 21.09.2011