Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandske Salslag i Nordfjord

Nordfjord Slakteri på 1960-talet.

Nordfjord Slakteri på 1960-talet.

Vestlandske Salslag bygde sentralslakteri for Nordfjord på Nordfjordeid (Osnes) i 1964.

Nordfjordeid vart vald etter ein skarp strid med bøndene i indre Nordfjord som ville ha slakteriet til Olden. Slakteriet på Nordfjordeid kunne i sesongane om hausten ha over 100 tilsette.

Nedlegging i 2002

Utover 1990-talet vart drifta sterkt redusert, og slakteriet dreiv dei siste åra berre med spesielle kjøtprodukt. I 2002 vedtok styret i Gilde, trass sterke lokale protestar, å leggje ned den siste attverande produksjonen av pinnekjøt og spekemat ved avdelinga på Nordfjordeid.

Det tidlegare VS-anlegget i 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare VS-anlegget i 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Overteke av Lefdal

I 2004 kjøpte selskapet Lefdal Eigedom AS det nedlagde VS-slakteriet på Nordfjordeid, og dotterselskapa NorDrikk AS og Nor-Marine og Nor-Marine Motorsport flytta verksemda dit. Hovudkontoret vart samstundes flytta frå Stryn til Nordfjordeid. Dei delene av slakterianlegget som Lefdal ikkje nyttar sjølv, vert leigde bort mellom anna til Gilde Vest og Felleskjøpet.

- Sjå elles samleartiklar om Vestlandske Salslag og Bondesamyrket på Vestlandet og artikkelen under Eid kommune: Bondesamyrket på Vestlandet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011