Hopp til innhold
X
Innhald

Vetane på Hundeidsfjellet og ved Heggjabygda

Veten på Hundeidsfjellet til venstre i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veten på Hundeidsfjellet til venstre i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det gamle vetesystemet med tenning av eld for varsling av krig og ufred gjekk frå kysten og innetter Nordfjord. I Eid kommune er det Taklo-veten på Hundeidsfjellet som er mest kjend.

Frå Taklo-veten delte vetevarslinga seg innetter i tre liner: Den nordlege gjekk frå Taklo-veten til Åsebønakken ved Heggjabygda og vidare til Ytrehornsnakken i Hornindal.

Den midtre varslingslina gjekk frå Taklo-veten til Dimma, derfrå til Ulvedal ved Blakset (sjå Ulvedals-veten og vetestova), Vinsrygg i Stryn, Auflemfjellet i Olden og Skor i Oppstryn.

Den sørlege lina gjekk frå Taklo-veten til Vetehornet i Breim, og derfrå til ein vete på Sørstranda i Gloppen.

Les elles meir om vetane i Nordfjord under Vågsøy kommune og artikkelen: Det gamle vetesystemet i Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011