Hopp til innhold
X
Innhald

William Henry Singer jr.

Anna og William Henry Singer.

Anna og William Henry Singer.

Anna og William Henry Singer.

William Henry Singer jr. (1868-1943). Frå Pittsburgh, Pennsylvania, busett i Olden og Laren i Nederland. Biletkunstnar, kunstsamlar og mesén. I USA var han ein av arvingane til eitt av dei største stålverksselskapa. Singer kom til Europa i 1900 og til Nordfjord første gong i 1908. I 1913 slo han seg ned i Olden, der han budde dei første åra på Yris Hotell. Der fekk han bygd eit eige anneks for seg sjølv. Singer bygde seinare sin eigen residens ”Dalheim” like ovanfor hotellet i Olden. Der flytte han inn rett etter første verdskrigen. På Dalheim omgav ekteparet William Henry og Anna Singer seg med kunstnarvener. Mellom desse var nederlendaren Jaap Doijewaard, som i mellomkrigstida dreiv kunstskule i Olden.

Fra Olden - eitt av måleria til Singer (utsnitt). © Blomqvist Kunsthandel.

Fra Olden - eitt av måleria til Singer (utsnitt). © Blomqvist Kunsthandel.

Gav pengar til lokale tiltak

Singer gav store pengegåver som gjorde det mogeleg å byggje Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, som vart opna i 1936 med 40 senger. Han gav også store summar som forskot til vegsambandet Olden-Innvik, opna i 1936. Han sytte og for pengar til restaurering av gamlekyrkja i Olden frå 1759, og gav rentefritt byggjelån på 50.000 kroner då Firda Gymnas på Sandane bygde skulehus i 1924.

Singer fekk bygd Dalheim, i dag kalla Singerheimen, i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK

Singer fekk bygd Dalheim, i dag kalla Singerheimen, i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK

Donerte «Dalheim» til fylket

Etter at Singer og kona Anna døydde, vart eigedomen Dalheim donert til fylket som rekreasjonsheim for sjukepleiarar. Dalheim blir i dag kalla Singerheimen. I 2012 vart Singerheimens Venner skipa. Dette laget skal vere eit kontaktforum mellom Singerheimen, bygdefolket og andre interesserte og skal m.a. vere med på dugnadsarbeid.

Ei stor samling av antikvitetar og kunst gjekk til Vestlandske Kunstindustrimuséum i Bergen, der det meste er utstilt i eit spesielt ”Singer-rom”. Også i Laren i Nederland finst eit eige Singer Muséum.

Singer vart utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden med stjerne for samfunnsinnsatsen sin i Nordfjord.

Sjå også:

Dalheim - Singerheimen.

Dalheim - Singerheimen.

I Singer sitt atelier var det kunstskule. No er det galleri med utstilling av bileta hans. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Singer sitt atelier var det kunstskule. No er det galleri med utstilling av bileta hans. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 11.12.2012