Hopp til innhold
X
Innhald

Yris Hotell

Tidlegare Yris Hotell på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Yris Hotell på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vilhelm Yri (1846-1917) hadde i 1874 starta hotell på Oldeøyra i heimbygda Olden.
I 1899 bygde han eit nytt, luksuriøst hotell litt lengre oppe i bygda. Men 60 år gamal overlet Vilhelm Yri hotelldrifta i Olden til sønene Rasmus og Sivert. Sjølv kjøpte han i 1909 den gamle gjestgjevarstaden på Storgarden Gjerde. Her nytta han den store hovudbygningen til Yris Hotell som han dreiv til han døydde i 1917.

I 1940 overtok sonesonen Wilhelm (Will) Yri eigedomane på Nordfjordeid, og sidan er det hans etterkomarar som har rådd over eigedomen og drive hotellet som Yris Hotell.

Sidan storgarden Gjerde var Nordfjordeids mest sentrale tomteland, har så godt som heile Gjerde-garden vorte seld unna til tomter.

Hotelldrifta i det gamle, freda hovudhuset tok slutt på 1970-talet, men etterkomarane har i dei siste åra nytta deler av det store, freda bygget til restaurant. I delar av tunet er det reist nye bustadhus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.01.2011