Hopp til innhold
X
Innhald

Arild Bergstrøm

Arild Bergstrøm fødd 1947, busett i Dale. Biletkunstnar og direktør for Nordisk Kunstnarsenter. Utdanna ved kunst– og handverksskulen i Bergen og ved Jan van Eyck-konservatoriet i Nederland.

Debuterte på Vestlandsutstillinga i 1970, og har sidan m.a. vore representert der og på Statens haustutstilling fleire gonger.

På 1970-talet var Bergstrøm medlem av den kjende «Lyn-gruppa», samansett av unge Bergens-kunstnarar. Saman med denne hadde han ei mengd utstillingar fleire stader i Noreg og i utlandet.

Har hatt separatutstillingar i Sogn og Fjordane fylkesgalleri/kunstmuseum, Hordaland kunstsenter og ved galleri i Porsgrunn og Haugesund, og delteke på utstillingar i Achen, Tyskland, og på Ungdomsbiennalen i Paris. Flytta i 1973 til Færøy i Solund og budde og arbeidde der til 1995, då han vart direktør for det nyskipa Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen. Gift med Reidun Færøy Bergstrøm.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.11.2011