Hopp til innhold
X
Innhald

Krossen i Korssund

Steinkrossen i Korssund i Fjaler. Foto: Merete Ottar Starheim, NRK.

Steinkrossen i Korssund i Fjaler. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved den gamle siglingsleia i det trange Korssundet luter ein fire meter høg steinkross på ein haug. Sundet har fått namn etter den mystiske krossen.

Det einaste ein veit sikkert, er at steinen til krossen er henta frå dei same steinbrota i Hyllestad som tilsvarande krossar i Eivindvik (sjå: Historia i Gulen) og på Svanøy (sjå: Maktsenter i landsdelen).

Skapte nytt sund

Segna vil ha det til at kong Olav den heilage hadde hastverk ein gong han siglde nordetter kysten. Han skulle nå att broren sin som hadde sigla i førevegen. I staden for å fylgje den vanlege leia, styrde kongen skipa beint mot land. Då opna landet seg, og kongeskipet kunne sigle gjennom det nyskapte sundet. Til minne om denne «kongeferda» vart så krossen reist ved sundet.

Runene ikkje tyda

Korssund-krossen har hol i krysspunktet, og det er spor etter runer i steinen, men skrifta er ikkje tyda. Ved krossen står eit primitivt utforma kar for vigslevatn som vart nytta av dei som kom til krossen for å be. På 1600- og 1700-talet kjenner ein til at det vart utført kyrkjelege handlingar ved krossen, og i mellomkrigstida på 1900-talet vart det halde Olsok-stemne på krosshaugen.

Les meir om Handels- og gjestgjevarstaden Korssund.

Korssund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Korssund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 19.06.2017