Faktaboks

Administrasjonssenter
Florø
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
11 852 (2019)
Landareal
647 km²
Høgaste fjell
Ålfotbreen (1385 moh.)
Innbyggjarnamn
floraværing
Kommunenummer
1401 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Utsikt frå Florø utover havet.

Panorama frå Florø.

Av .
Lisens: CC BY 2.0
Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Flora

Frå Grøndalen i Norddal. Almetre ved Grøndalsvatn i forgrunnen. Fjellparti ved Ålfotbreen i bakgrunnen, med karakteristiske skråstilte lag med devonsk sandstein.

Av /KF-arkiv ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Flora var ein kommune i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Den vart i 2020 ein del av Kinn kommune, etter å ha vorte slått saman med Vågsøy, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.

Flora kommune omfatta landet omkring dei tre store fjordane i nordre del av Sunnfjord: Norddalsfjorden, Eikefjorden og Høydalsfjorden, og dessutan øyane utanfor frå Hovden (Barekstadlandet) i nord til Svanøy i sør. Nordgrensa følgde omtrent vasskilet mot Gulenfjordene og Nordfjord, sørgrensa følgde vasskilet mot Førdefjorden.

Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av ladestaden Florø med dei omliggjande kommunane Kinn og Eikefjord, størstedelen av Bru, og dessutan mindre delar av Bremanger og Vevring. Kommunen fekk samtidig bystatus. Florø, som var administrasjonssenteret til kommunen, ligg på Florelandet ytst mellom Botnafjorden og Solheimsfjorden, ytre delar av høvesvis Norddalsfjorden og Eikefjorden. Den vestlege delen av Brandsøya innanfor Floralandet blir òg rekna som del av tettstaden Florø.

Natur

Det meste av kommunen ligg på fastlandet, men ei rekkje øyar høyrer òg til. Kommunen går heilt inn til Ålfotbreen, der vi finn det høgaste punktet i kommunen (1379 moh.).

Nord for Norddalsfjorden er det fjell av devonske sandsteinar og konglomerat som tilhøyrer devonfeltene på Vestlandet. Keipen på 1362 meter over havet ligg på grensa mot Bremanger. Ålfotbreen på 1385 meter over havet ligg heilt i nordaust på grensa mot Gloppen. Devontidenbergartene finst òg på øyane nordvest for Florø og i eit område ved botnen av Eikefjorden. Sparsame jordmassar gir fjella eit goldt preg. I den sørlege delen av kommunen er det kambrosilurisk skifer med innslag av eruptive bergartar. I Eikefjord finst monaleg skogareal.

Klima

Flora har temperert kystklima. Den tidlegare kommunen har mykje regn og vind. I Grøndalen, rett sør for Ålfotbreen, vart det i januar 1989 sett norsk rekord i nedbør med 1190 millimeter på éin månad.

Under nyttårsorkanen Berit i 1992 var middelvindfarten oppe i 45 meter per sekund på utsette fyrstasjoner mellom Florø og Vikna. Like sterk vind vart målt under orkanen Tor i januar 2016.

Busetjing

Befolkninga bur spreidd langs fjordane og på øyane, i litt mindre grad i dalane i dei austre delane av den tidlegare kommunen. Florø var administrasjonssenteret til kommunen og største tettstad. Folketalet i Floraregionen var veksande ved kommunesamanslåinga. I administrasjonssenteret Florø bur nær tre fjerdedelar av innbyggjarane i den tidlegare kommunen.

Næringsliv

Flora var ein monaleg industrikommune, vesentleg lokalisert til Florø. Skipsbygging (Aker Solutions ASA), fiskeindustri Skaarfish, Cermaq ASA og Domstein-gruppa og oljerelatert industri knytt til oljebasen Fjord Base dominerte ved kommunesamanslåinga. Kværner Florø byggjer spesialskip i samarbeid med Førde, fiskeindustrien eksporterer laks, sild og makrell og dessutan produserer fiskefôr og vidareforedlar laks. Det er noko maskinindustri i Eikefjord.

Flora var etter Vågsøy den viktigaste fiskerikommune Sogn og Fjordane etter ilandbrakt fangst. Fiskeoppdrett har vorte stadig viktigare som næring, og turismen var ved kommunesamanslåinga i vekst.

I Florø kjem ut avisa Firdaposten dagleg.

I 2016 var arbeidsløysa 4,4 prosent, som var over landsgjennomsnittet og nest høgast i Sogn og Fjordane.

Elektrisk kraftproduksjon

Flora er var ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 26 gigawattimar (GWh) i 2016. Det var ved samanslåinga seks vasskraftverk i kommunen med fallhøgd opptil 429 meter.

Samferdsel

Flora har riksvegsamband austover til Førde på riksveg 5. Det er samband nordover til Hyen/Sandane på riksveg 615 og Svelgen/Nordfjord på riksveg 614. Florø er eit viktig trafikknutepunkt med mellom anna flyplass, helikopterbase, hurtigruteanløp, ekspressbåtsamband til Måløy og Bergen og ein godt utbygd rutebåtsamband til øyane utanfor.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Flora høyrde til Vest politidistrikt, Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Samarbeidsforum i Sunnfjord saman med Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.

Flora kommune svarte til dei fire sokna Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Flora til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Flora

For statistiske formål var Flora kommune (per 2016) delt inn i tre delområder med til saman 43 grunnkrinsar:

  • Eikefjord/Bru: Nordalsfjorden, Endestad/Løkkebø, Langedal/Ramsdal, Svardal/Steindalen, Standal, Stavang, Høydalane, Steinhovden, Nyttingnes, Haukå/Årebrot, Sandvika, Tonheim/Grov, Barlindbotn, Hovland, Eikefjord, Sunnarvik
  • Kinn: Stavøy, Svanøy, Askrova, Kinn/Reksta, Ånnøy/Nekkøy/Skorpa, Batalden, Hovden/Barekstad, Nærøyane
  • Flora: Sentrum, Hesteneset, Tua vest, Tua, Stranda, Havreneset nord, Havreneset sør, Gunhildvågen, Vågavegen, Storåsen vest, Storåsen øst, Soldalen/Sørstrand, Nyland/Kleiva, Havikbotn, Nybø/Ragnarrud, Krokane/Solheim, Brandsøy, Grønenga/Sundet, Bjørnset

Historikk og kultur

Helleristningar frå overgangen steinalderbronsealderAusevik og steinrøysar frå bronsealderen fleire stader vitnar om tidleg busetjing. På Stakaldeneset i Eikefjorden vart det drive omfattande tilverking av reiskapar i grøn diabas (grønnstein) i steinalderen.

Svanøy gard er ein adeleg setegard frå 1685. Garden er eigd av ei stifting som mellom anna driv biologiske forsøk og oppdrett av laks, hjort og dådyr. Det er mellomalderkyrkje på øya Kinn med rikt inventar, restaurert i 1860-åra, i 1911–1912 og 1960-åra. Florø kyrkje er ei langkyrkje i tre som vart bygd i 1882. I Florø ligg Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1967) hadde tre skråstilte sild i sølv mot ein raud bakgrunn. Våpenet viste til tidlegare tiders rike sildefiske i kommunen.

Namn

Opphavleg var Flora mest truleg namn på Florelandet, vestdelen av Brandsøya, norrønt flóðr eller flór, 'straum eller gjennomstrømning'. Namnet siktar truleg til straumen i sundet som deler Brandsøya i to.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Joleik, Albert: Soga om Flora : før: Eikefjord, Florø, Kinn og Bru kommunar, [...] soga fram til 1801, 1980.
  • Stavang, Harald J. & Finn Borgen Førsund: Flora : kulturhistorisk vegvisar, 1999.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg