Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Apotek

I dette huset på sørsida av Jølstra heldt Førde Apotek til dei første åra før det vart flytting rett over elva til ”Pontoppidan”. Foto: O. Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

I dette huset på sørsida av Jølstra heldt Førde Apotek til dei første åra før det vart flytting rett over elva til ”Pontoppidan”. Foto: O. Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Førde Apotek vart grunnlagt i 1907, og bygde i 1927 eige bygg like ved Langebrua, der sparebanken i dag har hovudkontoret. Huset heitte på folkemunne ”Pontoppidan”.

Førde Apotek flytta seinare over til Magne Aase sitt forretningsbygg, deretter til Røde Kors-bygget, før det hamna på Handelshuset. Apoteket er no i Apotek 1-kjeden.

Då Førde sentralsjukehus opna i 1979, fekk det eige apotek, og i 2003 starta Vitusapotek-kjeden avdeling i Røde Kors-bygget.

Apotek 1 i Handelshuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Apotek 1 i Handelshuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.11.2010