Faktaboks

Administrasjonssenter
Førde
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
13 092 (2019)
Landareal
553 km²
Høgaste fjell
Grovabreen (1633 moh.)
Innbyggjarnamn
førdianar, førdsfjordinge
Kommunenummer
1432 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Skywalk

Mellom to kjøpesenter i Førde sentrum går Skywalk, ei gangbru som fungerer som landemerke og byport i tettstaden.

Skywalk
Av .
Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Førde

Førde tettstad var administrasjonssenteret til kommunen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Førde rådhus

På sørsida av elva Jølstra, tvers overfor Førde sentrum, ligg Førde rådhus, som stod ferdig i 2013.

Nordplan AS.

Førde var ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen vart i 2020 ein del av Sunnfjord kommune, etter å ha vorte slått saman med Gaular, Jølster og Naustdal, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.

Førde kommune omfatta landet omkring botnen av Førdefjorden. Frå fjordbotnen med administrasjonssenteret Førde strekte kommunen seg austover Holsendalen og over Rørvikfjell med passhøgd 543 meter over havet. Vidare austover finst Haukedalen, Grovabreen og Jostefonn, som er eit utløp av Jostedalsbreen. Holsendalen har avløp mot Førdefjorden ved elva Jølstra, medan Haukedalen har avløp mot Dalsfjorden ved elva Gaula. Ein annan del av kommunen strekte seg mot nordaust til Kupefjellet 1287 meter over havet og Angedalen. Mellom Angedalen og Haukedalen strekkjer vestdelen av Jølster med Jølstravatnet seg fram som ein kile.

I 1896 vart Naustdal skilt ut som eigen kommune. I 1964 vart eit mindre område på sørbreidda av Førdefjorden overført frå Naustdal. Etter dette var grensene til kommunen uendra fram til 2020.

Natur

Foss

Førde er omgitt av høge fjell og vakkert naturlandskap.

Dei nedste delane av Holsendalen har svakt fall, og dalbotnane er breie med skogkledde og dyrka terrassar av elvegrus og sand. Ved tettstaden Førde er dalen særleg brei, og her er avsett ei mektig øyr.

Oppover i Holsendalen blir dalsidene bratte. Terrenget stig austover til Grovabreen som er det høgaste punktet til kommunen på 1636 meter over havet. Berggrunnen i Førde består av gneis som tilhøyrer Gneisregionen.

Busetjing

Busetjinga i den tidlegare kommunen er konsentrert til tettstaden og administrasjonssenteret Førde og hovuddalføret opp til Moskog. Førde var i 2017 største by i Sogn og Fjordane med 13 000 innbyggjarar. Elles er det jamn busetjing i dalane og litt meir spreidd langs fjorden. Folketalet i Førderegionen voks sterkt dei siste tiåra før kommunesamanslåinga.

Næringsliv

Jordbruket i den tidlegare kommunen har hovudvekt på eit allsidig husdyrbruk. Omtrent halvparten av den produktive skogen er barskog.

Industrien har tradisjonelt vore knytt til jordbruket med meieri, slakteri, mølle og ullvarefabrikk. Ved kommunesamanslåinga var produksjon av næringsmiddel, verkstadsprodukt, grafiske produkt, betongvarer og trevarer viktigast.

Offentleg og privat tenesteyting hadde ved kommunesamanslåinga den største delen av dei sysselsette i kommunen. Kommunen hadde monaleg turisttrafikk.

Den tidlegare kommunen har kraftressursar som berre i lita grad er utbygd, og Førde var derfor ein liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 149 gigawattimar (GWh) i 2016. Det var ved kommunesamanslåinga 19 kraftverk, der høgaste fallhøgd er 81 meter. Gaula (sjå Gaularvassdraget) er varig verna mot vassdragsutbygging.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Førde høyrde til Vest politidistrikt, Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Samarbeidsforum i Sunnfjord saman med Flora, Gaular, Jølster og Naustdal.

Førde kommune svarer til dei to sokna Førde og Holsen/Haukedalen i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Førde til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Førde

For statistiske formål var Førde kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 26 grunnkrinsar:

  • Førde aust: Haukedalen, Holsen, Mo/Åsen, Sunde/Kussli, Sundsdalen
  • Førde vest: Ervik, Kråkenes, Ulltang, Øvre Steinen, Halbrend/Steiene, Halbrendsholten, Ytre Hafstad, Førde sentrum, Hafstad, Bruland, Slåttebakkane, Reset
  • Førde nord: Angedal, Furebø, Vie, Hjelle/Vie/Tefre, Grovene/Flata, Tåene/Presteholten, Haugum/Hundvebakke, Bergum/Hornnes, Erdal

Historikk og kultur

Sunnfjord Museum

I Movika ligg Sunnfjord Museum, som dekkjer kommunane som frå 2020 inngår i storkommunen Sunnfjord.

Av /Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Lisens: CC BY SA 2.0

Sunnfjord Museum held til ved Movatnet, aust for Førde sentrum. Museet opna i 1926, har tretti bygningar og er regionmuseum for indre Sunnfjord. Sogn og Fjordane kunstmuseum har to avdelingar i kommunen, Kunstsenteret i Førdehuset og Kunstmuseet på Prestebøen. Regionteateret Sogn og Fjordane Teater vart skipa i 1977 og har base i Førde. Førdefestivalen, ein internasjonal folkemusikkfestival, vart første gongen arrangert i 1990.

Førde kommune fekk prisen Årets nynorskkommune i 2015.

Avisa Firda er den største avisa i kommunen og dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa har hovudkontor i Førde, vart grunnlagt i 1918, kjem ut seks dagar i veka og er redigert på nynorsk. I Førde finst to institusjonar som utdannar nynorskjournalistar: Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter. Nynorsk mediesenter er underlagt NRK og har utdanna ti radio- og fjernsynsjournalistar i året sidan 2004. I 2013 opna Nynorsk avissenter, som er eigd av Firda Media.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet, som vart godkjent 1990, hadde tre plogjern i sølv, to over ein, mot ein raud bakgrunn. Våpenet symboliserte jordbruk, vekst og utvikling.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Djupedal, Torkjell: Førde : kulturhistorisk vegvisar, 1998.
  • Førsund, Finn Borgen: Førde bygdebok : gardssoge og soga om folket, 1990-92, 2 bind.
  • Tyssen, Asbjørn: Hundre år i Førde : ei biletreise 1860-1960, 2001.

Kommentarar (1)

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg