Faktaboks

Magnar Åm
Fødd
9. april 1952, Trondheim
Verke
Komponist
Familie

Foreldre: Skoledirektør Olav Åm (1918–) og lærer Eldbjørg Kvalheim (1917–).

Gift med lektor Liv Hundvebakke (15.3.1953–), datter av fylkesrevisor Jon Hundvebakke (1913–99) og Karen Marie Nilsen (1919–96).

Magnar Åm
Komponisten Magnar Åm sin musikk spenner frå vokal- og kammermusikk til store orkesterverk og multi-media.
Magnar Åm
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Magnar Åm er ein norsk komponist og organist. Produksjonen hans spenner frå vokal- og kammermusikk via elektro-akustisk musikk, til store orkesterverk og multimedia. Han sameiner eit fritonalt tonespråk med melodiske kvalitetar, og som tek både tradisjonelle og folkemusikalske element opp i sitt musikalske uttrykk.

Bakgrunn

Magnar Åm er fødd i Trondheim i Sør-Trøndelag (no Trøndelag) og er oppvaksen i Ørsta i Møre og Romsdal og i Leikanger (no Sogndal) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han er utdanna organist og kantor frå Bergen Musikkonservatorium i 1971 og har studert komposisjon under Ketil Hvoslef i Bergen og Ingvar Lidholm ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han har vore lærar ved Bergen Musikkonservatorium og i Bømlo kommune. Sidan 1981 har han arbeidd som komponist og dirigent i Volda. Han vart utnemnd til professor ved Høgskulen i Volda i 2009, der han underviser i intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi.

Kompositorisk virke

Åm debuterte som organist i 1971 og hadde gjennombrotet sitt som komponist med verket Bøn for kor og orkester i 1972. Andre tidlege verk som er typiske for komponisten, er punkt null (1978/83) for kor og orkester og Dagen viker og går bort. Studie for orgel over ein salmetone frå Luster (1976), orkestrert i 1977. Åm skriv for ulike besetningar, for instrumental og vokal, gjerne i uventa kombinasjonar. Av solokonsertar kan nemnast symfonien min klode, mi sjel (1982) for ungdomssopran og orkester, einsam/omfamna (2003) for fagott og orkester og motstraum (2007) for hardingfele og kammerorkester. Større verk for kor er mellom anna ømhetens tre for kor, resitasjon og fire celloar, oratoriet God’s I’s (2007), og livet (eit oratorium) (1990), begge med orkester. Han har òg mellom anna skrive kammermusikk, duettar, trioar og kvartettar.

Åm sin musikk blir kjenneteikna av ein polyfon, fritt dissonerande eller fri-tonal stil med eit fortetta ekspressivt, asketisk og innadvendt tonespråk. Melodisk og eksperimentelt arbeid går side om side, og rørslene til dei musikalske elementa i det konkrete, tredimensjonale rom har spelt ei stadig viktigare rolle i arbeidet hans. Han har ei open haldning til utradisjonell bruk av instrument og menneskestemmer. Han har òg eksperimentert med å spele musikk under vatn og på stader med langvarig ekko.

Multimedial

Sjølv om Åm er sterkt påverka av modernismen, ikkje minst i bruken av dissonantiske utgangar, har han ei open haldning til materiale frå mange hald. Han eksperimenterer med å spele musikken under vatn, i tonebad for éin person om gongen, som improvisasjon spela til éin person om gongen, skriv i tillegg til klassiske orkesterinstrument for akkordeon, ulike harper, elektroniske instrument og andre instrument. Han kombinerer òg tekst og musikk på ulike måtar, gjennom resitasjon, song, tittelbruk eller kveding. Mange av tekstane ber hans eigen signatur.

Element av religiøs meditasjon kjem inn i komposisjonane gjennom tilknyting til tekstar, eller i tittelbruken. Strykekvartetten sølvtråden viser til dømes til ein tekst i Preikaren i Bibelen. Han har brukt Johannes Lid sine tekstar i Norsk flora, og skrive opera over Tarjei Vesaas sine romanar Isslottet og Kimen (premiere i 2018). Åm har òg skrive musikk til tekstar av Gunvor Hofmo, Liv Holtskog, Tor Jonsson, Olav Åm og seg sjølv.

Tid og rom

Eit sentralt element for Åm er forholdet mellom musikk, tid og rom. Åm reknar tid og rom som eigna reiskapar for den som søkjer å bevisstgjere den djupaste essensen i og meininga med seg sjølv, anten ein skapar, framfører eller lyttar til musikk. Derfor ser han det som ei oppgåve å utfordre tradisjonelle formidlingsmåtar ved å la verka innehalde element som sprengjer tilvante konsertritual. Utforsking av tid og rom er eit menneskeleg livsprosjekt, og musikken kan takast i bruk til dette.

I Burfugls draum (1982) er koreografien eit vesentleg element, der korgrupper stryk forbi publikum i ulike retningar under heile det tjue minutt lange verket. I fleire av verka er plasseringa av musikarane omkring i salen eit vesentleg poeng, og i kammerverket fritt fram er musikarane enno ikkje er komne inn når stykket byrjar. Verket Tonebad- eit mulitmedia er eit opplevingsrom for éin person om gongen (med timebestilling).

I kvartetten her, i oppstoda (2001) skal ein ideelt liggje og sjå eit opptak av dansen i taket. Fritonaliteten blir kopla til ei sveve-kjensle, der ein ikkje har eit fast tonalt feste, noko som spring ut av ei tolking av eksistensen sjølv. Men dette svevet løyser seg likevel ikkje frå menneskeleg liding, som komposisjonane minner om og kjenner seg ansvarlege i høve til. Karakteristisk nok har Åm skrive musikk til stader med særleg sterkt ekko. Musikk er alltid i eit rom, og dette blir tenkt inn i sjølve komposisjonen.

Anna musikalsk engasjement

Åm har òg engasjert seg i det lokale musikklivet i Volda, ved å dirigere ungdomskoret Digitalis (1986–2008), som framførte både tradisjonell og ny musikk (mellom anna ømhetens tre 1.1. 2000) frå 1990-åra og fram til om lag 2005. Frå 1992 har han dirigert blandakoret Volda Vokal, som i samarbeid med norske og japanske musikarar har oppført vil denne augneblinken nokon gong sleppe taket i Oslo Rådhus, Hiroshima og Tokyo (2013).

Utmerkingar

Åm har hatt Statens garantiinntekt for kunstnarar sidan 1979. I 2006 fekk han «Europäischer Komponistenpreis» under arrangementet Europäische Musik Sommer Berlin for verket det er ‘kje snøen som fell, det er me som stig og Arne Nordheims komponistpris i 2009. Åm var festspelkunstnar under Dei nynorske festspela (no Festspela) i 2013 med verket Du er ropt på, ein utandørs lydsti med ulike stemmer på sytten ulike språk, der lyden kom frå fleire høgtalarar. I 2014 fekk han Edvardprisen i kategorien samtidsmusikk.

Verk (utval)

  • Kimen – Opera over Tarjei Vesaas sin roman (2018)
  • ein pust til elden i oss – akkordeon solo / akkordeon og orkester (2016)
  • bru til bortanfor – 3 kor eller 13 stemmer (2014)
  • vil denne augneblinken nokon gong sleppe taket? – to songarar, strupesong, kyrkjeklokker og instrument (2013)
  • krepsens omvending – akkordeon og orkester (2010)
  • God’s I’s – arias of innocence and growth – oriatorium/opera (2007)
  • motstraum – hardingfele og kammerorkester (2007)
  • det er 'kje snøen som fell, det er me som stig – orkester (2006)
  • vere meininga – harpe og strykesekstett (2005)
  • stalagmittid – fiolin og orkester (2004)
  • einsam/omfamna – fagott og orkester (2003)
  • århundra samanfuga – orgel (2002)
  • dan talande harpo – kvedar og kammerensemble (2002)
  • ømhetens tre – oratorium for kor, solistar, lesar og cellokvartett eller accordeon (1999)
  • undringa og underet – orkester med delfiner (1997)
  • Kom til ro mitt hjarte – bestillingsverk til opninga av 1000-årsjubileet for Kyrkja i Noreg 1995
  • ...og livet - oratorium – kor, resitasjon og kammerensemble (1990)
  • Tonebad – mulitmediaverk (1989)
  • Fritonale samtalar – klavertrio (1986)
  • nærare no – symfoni som består av orkesterverka lyfter me som ein (1986) – tidlaus energi (1991) – let båten gli stille ut (1989)
  • tvers gjennom alt dette – bestillingsverk til Musikselskabet Harmoniens 200-årsjubileum (1985)
  • Burfugls draum for kor og kammerensemble, (1982)
  • min klode, mi sjel – symfoni (1982)
  • Studie over ein salmetone frå Luster – strykeorkester (1977)
  • bøn – kor, sopran og strykeorkester (1972)

Diskrografi (utval)

  • det var mjukt, for soprano and harp ; dette blanke no, concerto for harp and angels ; vere meininga / konsert for harpe og strykekvartett – På CD-en Sonar – Lindberg Lyd 2L51 (2008)
  • uno mystica ; århundra samanfuga ; 5 paradox ; Dagen viker og går bort, Studie over en salmetone frå Luster ; bak eit menneskes einsemd ; bak stormane ; Kristi gjennomlysning ; 3=meir enn 3 ; milliard=1 ; stillstand = rørsle ; nedanfrå=ovanfrå ; slutt=start – På CD-en samanfuga – Kåre Nordstoga, orgel – Grue Finnskog, Nordic Sound NOSCD 1965 (2006)
  • sårt hardt, sårt mjukt – Geir Inge Lotsberg-fiolin – Afontibus ATB-CD 04 (2005)
  • sølvtråden – På CD-en The Silver Cord – Oslo Strykekvartett – Aurora ACD 5028 (2002)
  • va bene – På CD-en 21 Marches for the 21st Century – Forsvarets Distriktsmusikkorps Trøndelag, Bjørn Sagstad-dirigent – Simax Classics PSC 1163 (2000)
  • vandrande himmel – På CD-en Hexa – Åsne Valland Nordli- alt, ter Jung sekstett – Hemera HCD 2939 (2000)
  • lyset i bringa di – På CD-en Arctic Contrasts – MiN-ensemblet, Bjørn Andor Drage-dirigent – Euridice EUCD 012 (2000)
  • som eit blad på elva – På CD-en Sequenza – Njål Vindnes-gitar – Albedo ALBCD 019 (1999)
  • March 2001 b – På CD-en The Color-Gobbler – Stavanger Brass Band, Arvid Anthun-dirigent – Doyen DOY CD 059 (1996)
  • Oktett, In Nude – På CD-en Norwegian Signatures – BIT 20 Ensemble – Aurora ACD 4984 (1995)
  • Punkt null / Zero – Trondheim Symfoniorkester, Ole Kristian Ruud-dirigent – Aurora ACD 4914 (1989)
  • Svevande djupner – På CD-en The Contemporary Solo Double Bass – Bjørn Ianke-kontrabass – Simax PSC 1039 (1988)
  • Studie over ein salmetone frå Luster – Det Norske Kammerorkester, Terje Tønnesen-leiar – Aurora NCD-B 4947 (1988) Ømhetens Tre – Oratorium over dikt av Gunvor Hofmo – Vox Humana (SATB), Dag Jansson-dirigent. Ragnhild Vannebo-resitasjon, cellokvartett: Audun Sandvik, Aage Kvalbein, Ole Eirik Ree, Erlend Habbestad/Natalia Goldmann – Nordic Sound NOSCD 1975. (2012)
  • hugse – På CD-en Twitter Machine – Lars-Erik ter Jung-fiolin, Thomas Kjekstad-gitar – Fabra FBRCD 09 (2011)
  • gratia – På CD-en A Norwegian Rendezvous – Willy Postma-harpe, Kristiansand Kammerorkester, Jan Stigmer-dirigent – Intim Musik, IMCD 065 (1999)
  • Du er elska – På CD-en Permonik & The Golden Harp – Ungdomskoret Permoník (Karvina, Tsjekkia), Martina Juríková-sopran, Willy Postma-harpe, Lenka Krahulová og Tomás Prazák-horn, Eva Seinerová-dirigent – Stylton RS 0548 200 (1999)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg