Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Åm

Olav Åm (1918-2009) frå Nedre Vats i Ryfylke, busett i Leikanger. Skulestyrar og skuledirektør.

Olav Åm (1918-2009) frå Nedre Vats i Ryfylke, busett i Leikanger. Skulestyrar og skuledirektør.

Eksamen frå Volda Lærarskule 1941. Arbeidde 1941-1942 som lærar i Audnedal og Hegebostad i Vest-Agder. Styrar ved framhaldsskulen i Årdal 1942-1943 og rektor ved Årdal Realskule 1943-1945. Rektor ved Oppdal kommunale realskule 1945-1956. Frå 1956 vart Åm ein av pionérane ved innføring av 9-årig skule i Noreg ved at han vart styrar for ein slik forsøksskule i Ørsta. Liknande forsøksskular kom samstundes i gang i Sykkylven og Malm i Trøndelag.

Skuledirektør i Sogn og Fjordane 1963-1985. Åm var 1965-1970 medlem av Steen-komitéen som greidde ut reformer i den vidaregåande skulen i Noreg, der tidlegare gymnas og yrkesskular vart integrerte.

I 1969 la han som skuledirektør i Sogn og Fjordane fram den første planen i landet basert på det nye skulemønsteret.

Olav Åm har vore ein skatta foredragshaldar og kåsør. Han gav i 1964 ut to lærebøker i matematikk for ungdomsskulen, var redaktør for nynorskdelen i Hermes Leksikon (Hermes Forlag 1979) som var det første leksikon med både nynorsk- og bokmålstekst. I 1999 gav han ut diktsamlinga «Fykande frø» – gjeven ut som lydbok i 2005 der Åm sjølv les dikta. (Skald Forlag).

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i februar 2003.

Far til Magnar Åm.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 09.06.2009