Hopp til innhold
X
Innhald

Sarah Thingnes

Sarah Thingnes fødd 1937 i New York, busett i Vevring. Biletkunstnar. Utdanna ved kunstakademi i Noreg og Amsterdam.

Sarah Thingnes fødd 1937 i New York, busett i Vevring. Biletkunstnar. Utdanna ved kunstakademi i Noreg og Amsterdam.

Sarah Thingnes var ein av skiparane av kunstmønstringa Vevringutstillinga i 1979. Ho har delteke i Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane sidan 1981 og i fleire kollektivutstillingar i Noreg, Nederland og USA.

Ho har hatt separatutstillingar i Florø og Amsterdam.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 08.12.2010