Hopp til innhold
X
Innhald

Aardals Båtbyggeri

På dette postkortet frå rundt 1950 ser vi Selje Slip til venstre. Foto: Mittet.

På dette postkortet frå rundt 1950 ser vi Selje Slip til venstre. Foto: Mittet.

Aardals Båtbyggeri i Selje vart starta av Karl Aardal i 1945. Han dreiv på leigd plass fram til 1948, då han kjøpte Selje Slip. På det meste hadde Aardal 8-10 mann i arbeid, og bygde m.a. kjende fiskabåtar som 60 fot lange «Rindheim» til Rognaldsvåg i 1948, og den 99 fot lange snurparen «Falkøy» for Elias Falkevik i Måløy i 1950.

Aardal la ned båtbyggjeriet på grunn av helseproblem midt på 1950-talet, medan Selje Slip var i drift som slipp til midt på 1960-talet. (Sjå: Trandamperi og slipp).

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 22.03.2010