Hopp til innhold
X
Innhald

Ananias A. Hoddevik

Forretningsbygget til A. Hoddevik til venstre, til høgre ser vi forretningsbygget til Bernt Clausen Drage. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget til A. Hoddevik til venstre, til høgre ser vi forretningsbygget til Bernt Clausen Drage. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ananias A. Hoddevik starta i 1898 landhandel på Leikanger på Stadlandet. Ektemaken Johanna og sonen Asbjørn Hoddevik dreiv vidare då Ananias døydde i 1935. Firmaet dreiv også handel med fisk og sild frå Hoddeviksbuda like ved kaia på Leikanger, og var dessutan ekspeditørar for ruteskipa til Møre fylkes Ruteselskap (MRF).

Hoddevikbuda vart utvida på 1950-talet og tente som fiskemottak til fram på 1970-talet.

Hoddevikbuda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hoddevikbuda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 2007 gjekk ei lokal gruppe saman for å få verna bua som lokalt fiskerimuséum i tilknyting til ein serveringsstad i den gamle Furebuda like ved. Hoddevikbuda vert som muséum forvalta som ein filial under Kystmuséet i Florø. Landhandelen til Ananias og Asbjørn Hoddevik låg lengre oppe ved vegkrysset på Leikanger. Her dreiv Asbjørn Hoddevik landhandel fram til 1988 då Magne Tungevåg og Romandus Stave tok over varelageret. Romandus Stave hadde same året teke over butikken etter det konkursråka Statlandets Handelslag A/S.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 04.01.2010