Hopp til innhold
X
Innhald

AS Fiskevegn

Fiskevegn i Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK

Fiskevegn i Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK

AS Fiskevegn på Flatraket vart grunnlagt 1974 av Bodvar Vetrhus saman med Helge Solheim og Magnus Kvalheim.

Vetrhus starta først tauverksproduksjon 1968 på Barmen, og frå 1974 på Vederhus, før verksemda vart flytta inn i eit kommunalt industriutleigebygg på 1850 kvadratmeter på Flatraket i 1980. Dette vart seinare kjøpt av selskapet og mykje utvida.

Fiskevegn hadde i 2000 ei omsetning på 113 millionar kroner, og var med 90 tilsette største arbeidsplassen i Selje kommune. Produksjonsbygget på Flatraket er på 13.000 kvm. Fiskevegn har avdeling på Island, utsal i Ålesund og er medeigar i tilsvarande verksemd i Nord-Noreg.

Flaggar ut

I 2002 reduserte Fiskevegn talet på tilsette på Flatraket med 30 personar og flytta mykje av produksjonen til Latvia.

- Sjå elles BFG - Best Fishing Gear (sjå under Fiskeriverksemder i Vågsøy) som Bodvar Vetrhus var med og skipa i 1999.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 18.05.2009